Helle Speider er ein god startkniv for dei som ønsker ein solid kniv med god beskyttelse.
Speider vart i si tid designa for større speidarar som hadde nok erfaring til å gå vidare til ein større og kraftigare kniv. Handtaket i mørkolja bjørk er ergonomisk tilpassa eit godt firefingersgrep, og den solide fingerstopparen gir god beskyttelse når ein arbeider med kniven. Bladet er i 12C27 med ein tynn, skandinavisk slip og kjem sylskarp ut av slira.
Speider blir levert med ei speidergrønn slire i lær med trykknapp og belteoppheng.
*****
Detaljar | Speider |
Vekt | 70 g |
Stål | Sandvik 12C27 - rustfritt stål |
Bladtjukkelse | 2,6 mm |
Bladlengde | 90 mm |
Konstruksjon | Gøymt tange |
Skaftmateriale | Olja bjørk |
Lengde handtak | 100 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Tor Indergaard |
Designår | 1989 |